Magne Bjørge Songvoll døydde 30. august i Lillesand. Han var fødd 19. mai 1939, og vaks opp på eit småbruk i Fjeldal i Lillesand.

Magne utdanna seg i filologiske fag ved Universitet i Oslo. Han underviste i  fleire år i den vidaregåande skulen i Oslo, og var også studieinspektør.

Men det er som tillitsvald at Magne best blir hugsa. Han var hovudtillitsvald og leiar i Oslo Lektorlag/Undervisningsforbund. Deretter blei han leiar i Norsk Undervisningsforbund (NUFO) frå 1987. Dette var ein periode med nedskjeringar og ressurskamp i skulen. Lærarane var misnøgde, og i 1988 oppstod ein av dei hardaste skulekonfliktane i moderne tid. Tusenvis av lærarar i Akershus og Oslo la ned arbeidet i fredstid. På denne tida såg vi tydeleg at «stundom gnistret hans øyne stygt», helst mot styresmaktene som veik unna ansvaret for skulen og lærarane.

Magne var ein framsynt organisasjonsbyggar, og var sentral i arbeidet med å slå saman fire organisasjonar og etablere Lærarforbundet. Midt i dette arbeidet blei han i 1991 valt til leiar i Akademikernes Fellesorganisasjon (AF), eit verv han hadde fram til 1999. Dette blei inga enkel oppgåve. Fleire forbund gjekk ut av AF, som blei oppløyst i 2001. Han slutta likevel ikkje å engasjere seg, og støtta seinare opp om etableringa av Unio.

Etter at han blei pensjonist, flytta Magne heim til Fjeldal der han fekk rolegare dagar, saman med kona Turid. Begge fekk etter kvart problem med helsa, og Magne tok det tungt då Turid gjekk bort for nokre år sidan.

Likevel heldt han motet oppe. Barna Gjøril og Jon var til trøyst og glede. Han las mykje, særleg historie. Han var sjølv ein god forteljar, enten det gjaldt faglege spørsmål eller muntre historier. Historier om og frå Sørlandets kyst- og sjøliv hadde han alltid på lager,

Vi er mange som minnest og saknar heidersmannen og fagforeiningsleiaren Magne Songvoll.

Anders Folkestad